Byting

00

Da det gjekk gale med folkemusikar og meisterspelemann Jon Elling Buen Garnås i ei bilulukke våren 2012, sat ven og hobbymusikar Thomas Hellekås kort tid etter i gang med å skrive ei låt til hans minne; «Høvdingen».

Gjennom sosiale medie fekk denne låta lokalt stor merksemd og spørsmål om innspeling i studio dukka raskt opp.

Med hjelp frå folk som kjente folk i bransjen blei eit prosjekt sett i gang.
Det blei naturleg for Thomas å høyre med Jon Ellings bror, Per Anders Buen Garnås, som òg er
folkemusikar, om å medverke på låta.
Dei byrja innspelinga av låta i ein låve der blant andre teknikkar og trommeslagar Halvor Halvorsen hadde studio.

Mens detta føregjekk hadde Thomas fått spørsmål om å spela på ein bygdefest i Morgedal på grunn av låta «Høvdingen», og sidan han akkurat hadde blitt ven med ein

annan hobbymusikar, Svein Eivind Mo Haugan frå Seljord, tok dei sjansen og hoppa ut i det.

Thomas hadde fleire eigenprodusera låtar på lager, i tillegg til at Svein Eivind, eller Teipen som han blir kalla, også hadde ein del melodiar på bok; så tanken om eit band dukka etterkvart opp.

Dei 4 nye bekjente mangla i så fall bare ein bassist, og da Marius Skjelbred frå Bø meldte si interesse var bandet komplett.

Da var det å finne på bandnavn, og etter ein noko heftig kjøretur over heia dukka navnet Byting opp.
Samtlege medlemmar i bandet har blitt nemnt som byting i den eine eller andre samanhengen, skjønt nokon meir enn andre.

For dei som måtte lure på kva navnet betyr, trudde dei i gamle dagar at om du fekk ein unge med psykiske forstyrrelsar eller andre sinnslidelsar eller lyter så var det huldrefolket som hadde bytta ut den ekte ungen med sin eigen. Altså ein Bytting, eller Byting som me seier i Telemark.

I dag blir uttrykket Byting ofte bruka om ein person som kan vera nokko utagerande, skruppellaus og vill.

Greitt å kalle ein spade for ein spade.

Parkbiografen

Arrangementer